Positive til etablering av Ulstein Næringsforum

– Må tore å satse i nedgangstider

Det var usemje i Ulstein formannskap om å det var rett å støtte Ulstein Næringslag med så mykje pengar no, eller om dei burde vente til budsjettarbeidet. Og ein representant ville seie nei til alt.

Usamde: Hanne Notøy (Ap) meinte ein må tore å satse, også i nedgangstider, og gjekk difor for tilrådinga. Knut Kleiven (H) meinte dei burde vente til dei skal vedta budsjett for neste år.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Tilrådinga frå rådmannen var at Ulstein kommune ser positivt på etableringa av Ulstein Næringsforum og vil bidra både gjennom aktivt samarbeid og årlege tilskot. I 2018 skal kommunen løyve 280 000 kr, dei komande to åra blir det ytt tilskot tilsvarande 100 % av samla tilskot frå andre medlemer, avgrensa til ein million årleg. Dei to åra deretter skal kommunen trappe ned til å gje 75 % av medlemstilskotet, også dette innanfor ramma ein million kr. Frå 2023 skal kommunen betale vanleg medlemskontingent for større bedrifter. Ein føresetnad for tilskotet er at kommunen får ein plass i interimsstyret og det vanlege styret. Dei legg til grunna at Ulstein Næringsforum innlemmar dagens næringslag i løpet av første driftsår.