Google-topp med solid fotfeste i heimbyen

- Vi reiser heim fire gonger i året, det må du få med.

DIREKTØR: Oddgeir Garnes frå Ulsteinvik stortrivst som kommersiell direktør i Google Norge.  Foto: Marius Myklebust

Nyhende

Oddgeir Garnes har nett forsynt seg av lunsjbuffeten ved kontora til Google Norge på Aker Brygge i Oslo. Her er det ingen tørre brødskiver eller sveitt brunost å sjå. Denne fredagen står det sushi og italiensk pizza på menyen.