Tilskot til Odin 3 AS

Omega 3 Gjennom selskapet Dr. Choice, vil holdingselskapet Odin 3 AS selje kosstilskot både engros og direkte til forbrukar gjennom netthandel. Dei har fått innvilga 80.000 kroner frå næringsfondet i Ulstein til profilering og nettverksbygging.  Foto: Arkiv / Linda Eikrem

Nyhende

Ulstein formannskap vedtok samrøystes å gje Odin 3 AS tilskot frå næringsfondet. Med bakgrunn i innstilling frå ÅKP og reglane frå Møre og Romsdal fylke yter Ulstein kommune eit tilskot på 80 000 kroner frå næringsfondet til Odin 3 AS. Dette er i overkant av 30 % av kostnadsramma på 260 000 kroner.


 

Odin 3 AS er eit holdingselskap som eig selskapet Dr. Choice AS som sel kosttilskot engros, men også direkte til forbrukar gjennom netthandel. Dei har søkt om midlar til profilering og nettverksbygging, mellom anna har dei fått utarbeidd etikettar til produkta sine.