– Då eg var ferdig med militærtenesta, søkte eg både polithøgskulen og skipsingeniørutdanning. I månadene før studiestart fekk eg så tilbod om eit vikariat på lensmannskontoret i Sortland. Dermed var eg fanga i politiyrket, fortel Hans-Eirik Pettersen.
Vi er tilbake på 80-talet, den gongen det var mogleg for ein 20-åring å jobbe som politi med berre vidaregåande og militærteneste på CV-en. – Eg er ein kar som likar å møte andre menneske, så eg kunne ikkje la vere å teste ut yrket.