Opna Lisjevatnhuken og delte ut Paul Harris Fellow-utmerking

Sjå bilete frå opninga av gapahuken ved Lisjevatnet.
Nyhende

Det var mykje folk som hadde funne vegen ut på dei mange turstiane rundt om i Ulsteinfjella søndag. I flott haustvêr var det også mange som la turen innom den nye gapahuken, Lisjevatnhuken, som søndag vart opna ved Lisjevatnet.

Dette er den andre gapahuken som er sett opp i regi av Ulstein Rotary, Ulstein Frivilligsentral og Sørøyane Røde Kors, etter at den første vart opna i Bugardsmyrane i 2017. Også Flyktningtenesta i Ulstein har vore med på prosjektet ved Lisjevatnet.

Kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune fekk æra av å opne den nye gapahuken, men det var ikkje berre opninga som skulle markerast denne dagen.

President Finn-Ove Kvalsvik i Ulstein Rotary brukte også høvet til å dele ut utmerkinga ”Paul Harris Fellow” til Lindor Skeide, for hans langvarige engasjement for mellom anna dei mange turvegane som har blitt bygd opp dei seinaste åra.

Les meir om opninga og utmerkinga i tysdagsavisa.