Brann i Haddal

Det brenn i eit bustadhus i Solsida i Haddal.   Foto: tipsar

  Foto: tipsar

Nyhende

Ti på halv seks i ettermiddag (måndag) melde politiet på twitter om brann på ein veranda i Haddal. Naudetatane rykte ut til adressa. Dei to bebuarane i huset hadde kome seg ut før naudetatane var på plass.

"Full fyr"

Politiet fekk melding om at der var full fyr, og twitra det vidare. Men operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck seier til Vikebladet Vestposten at det ikkje stemte.

Men det var kraftig røykutvikling på staden. To nabohus er evakuerte på grunn av røyken, men det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg.

Brannvesenet held framleis på å sløkkje brannen. Operasjonsleiaren spår at dei som bur i dei evakuerte husa truleg snart får kome heime igjen.

- Så det er ikkje snakk om at dei må finne seg ein annan stad å sove i natt?

- Nei, det er det ikkje.

Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka.

Har kontroll

110-sentralen melde til NRK Møre og Romsdal klokka ti på halv sju at dei hadde kontroll på brannen.