La fram forslag til statsbudsjett for 2019:

Jensen: I dag skin sola igjen

I dag skin sola igjen – på heile landet, fastslo finansminister Siv Jensen (Frp) då ho la fram forslaget til statsbudsjett for 2019.

Havila Shipping-sjef Njål Sævik (f.v.), finansminister Siv Jensen, Sylvi Listhaug, UlsteiN Group-konsernsjef Gunvor Ulstein og samferdsleminister Jon Georg Dale i lystig lag på bryggekanten ved Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik i 2017. Måndag la finansminister Jensen fram statsbudsjettet for 2019, og det spørs om hennar forslag om å til dømes redusere selskapsskatten og formuesskatten litt til gjer næringslivsleiarane nøgde nok.   Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

(NPK-NTB): – Det er god vekst i økonomien. Bedriftene ser lyst på framtida. Dei tilset fleire, investerer meir. Klimautsleppa minkar, fleire er i jobb, fleire går i barnehage, fleire fullfører skulen. Oljeprisen er over 80 dollar, og det ser ut til at petroleumsnæringa vil tene pengar sjølv om den skulle bli langt lågare enn det. Vi kom oss ikkje berre gjennom oljeprisfallet. Vi kom styrkt ut av det, sa Siv Jensen då ho heldt finanstalen i Stortinget måndag formiddag.

Ho minte likevel om at det framleis er nokre skyer i horisonten, men meiner dei berre ser litt annleis ut enn dei gjorde for fire år sidan.

– I Jeløya-plattforma beskreiv vi dei store utfordringane Noreg står overfor. I statsbudsjettet for 2019 prioriterer vi tiltak som gjer oss i stand til å møte desse utfordringane, fastslo Jensen og nemnde ei lang rekkje punkt.

Siv Jensen fastslo at grunnlaget for vår velferd er ein økonomi som veks, og understreka at veksten i norsk økonomi no er solid.

– Den er allereie sterkare enn den historiske trenden. Folk flest vil få auka kjøpekraft. Fleire kjem i jobb. Då stig etterspørselen etter varer og tenester. Norske bedrifter er blitt meir konkurransedyktige, og nyt dessutan godt av at pilene peikar oppover også andre stadar i verda. På toppen av dette kjem petroleumsinvesteringane, som ser ut til å auke igjen – for første gong på fire år, sa Jensen.

Regjeringa foreslår å auke bruken av oljeinntekter med 4,5 milliardar kroner frå i år, ein auke som ifølgje regjeringa er på linje med veksten i fastlandsøkonomien. Dermed er også verknaden på den økonomiske aktiviteten nøytral.

– Og bruken av oljeinntekter er som det skal vere når veksten i økonomien er solid og sjølvgåande, sa Jensen.