Småkryp på biblioteket

Stort engasjement på Hareid folkebibliotek då forfattar Erna Osnes kom og fortalde om småkryp.
Nyhende

Hareid folkebibliotek og Hareid Mållag har etter kvart fått ein lang og fin tradisjon om å arrangere besøk av ein barnebokforfattar på denne tida av året. Tidlegare har mellom anna Maria Parr og Martine Grande vore der.

Sist laurdag var det Erna Osland som kom. Ho har skrive ei rekkje fagbøker for born, og fått fleire prisar for bøkene sine. Denne gongen var det boka «Under ein stein. Ei bok om småkryp» som var temaet. Og ho hadde til og med med seg levande småkryp! Borna flokka seg rundt henne. Her var det mange som kunne litt av kvart om småkrypa me har rundt oss, og mange ville vite meir.

Mållagsleiar Einar Måseide hadde vore rundt på alle skulane og barnehagane i kommunen og informert om bokstunda og bede dei lage småkryp til denne dagen. Og det var ei oppmoding mange hadde tatt. Her krydde det av små kunstverk, både figurar og bilete.

Til trass for at haustferien hadde starta, møtte det opp godt med born og vaksne denne laurdagen. Biblioteksjef Anne Vasstrand og Måseide lovar nytt forfattarbesøk for born neste år.