Svein Roppen AS feirar 40 år:

– Det heile tok av under ein god, gammal gnalljefrost

Svein Roppen AS feirar 40 år no i oktober. Det har vore fire tiår med stor utvikling i bransjen, og opp- og nedturar.

Heile gjengen: Her er dei samla, dei i alt 12 tilsette i Svein Roppen AS. Frå venstre ser ein Trond Roppen, Jostein Roppen, Tomas Reikertas, Hlynur Stefansson, Steven Kempton, Åge Dimmen, Michael Chrusciel, Tord Lejon, Cathrine Strand, Miguel Glischke, Torgunn Roppen og Svein Roppen. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

I oktober 1978 starta den gong 23 år gamle Svein Roppen si eiga røyrleggjarverksemd, med lager og verkstad på Flø.

– Eg var i utdanningsfasen og i praksis rundt denne tida tilbake i 78. Men så blei det veldig dårlege tider. Eg jobba for eit lokalt firma her i Ulsteinvik, men fekk på grunn av tidene beskjed om at det ikkje var meir arbeid å få. Men, eg var hardnakka overtydd om at det fanst arbeid, så eg bestemte meg for å prøve sjølv. Den vinteren blei det skikkeleg kaldt, og masse røyr kring om i regionen fraus. Eg hadde med andre ord fullt opp heile vinteren med tining og byting av røyr. Då var eg i gang. Det heile tok altså av under ein god gammal gnalljefrost, seier Svein Roppen flirande.