«I møte med konfirmantar ber eg ofte til Gud om at eg må få sleppe å gravlegge nokon av dei»

soknepresten: Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein. – Livet er ikkje noko enkelt prosjekt, seier ho. Som prest opplever ho ofte at dei pårørande sit igjen med skam og skuldkjensle når nokon har avslutta livet. – Det er ikkje din feil, seier eg då. Foto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Eg har gravlagt mange som sjølv har valt døden. Døden kjem brått og uventa, og reaksjonen til dei pårørande liknar gjerne på reaksjonen når nokon døyr i ei ulukke. Men dei som mister nokon i sjølvmord opplever i tillegg stor grad av skuld og skam, dei tenkjer at dei ikkje har gjort nok for at den personen skulle ville leve.

– Kva seier du som prest då?