Det skal bli enklare å studere i utlandet

I dag reiser berre 16 prosent av norske studentar til utlandet i studietida si. No vil regjeringa at talet skal bli høgare.

Noreg har forplikta seg til at 20 prosent av studentane som fullfører ein grad skal ha hatt eit studie- eller praksisopphald i utlandet innan 2020.   Foto: Frank May/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): – Internasjonal erfaring i studietida gir store moglegheiter både for den enkelte student og for samfunnet. No vil vi ha innspel frå studentane, utdanningsinstitusjonane og andre som kan bidra til at fleire reiser ut og får denne erfaringa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Gjennom Bolognaprosessen har Noreg forplikta seg til at 20 prosent av studentane som fullfører ein grad skal ha hatt eit studie- eller praksisopphald i utlandet innan 2020. Ambisjonane til statsråden er derimot mykje høgare.

– På sikt er målet at vi får til ei kulturendring slik at halvparten av dei som tek ein grad i norsk høgare utdanning har hatt eit utanlandsopphald som ein naturleg del av studiet, seier Nybø.

I tillegg til at få studentar vel å reise ut, meiner ho at det er for få universitet og høgskular som legger til rette for at utanlandsopphald er ein integrert del av studiet.

Statsråden ber no om innspel til arbeidet med den varsla stortingsmeldinga om internasjonal studentmobilitet.

– Internasjonal studentmobilitet, både norske studentar til utlandet og utanlandske studentar til Noreg, må bli ein naturleg og viktig del av arbeidet med kvalitet i høgare utdanning, seier statsråden.