– Politikarane «på ballen»

Einar Måseide etterlyste klart svar på kven det er som har makta i Hareid kommune.

I førarsetet: Rådmann Ragnhild Velsvik Berge slo fast at administrasjonen følgjer retningslinjene dei får frå politikarane.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

– Når ein ser kva som har skjedd med rådhuset og fotballhallen, då får folk eit inntrykk av at politikarane ikkje kan ha styring over administrasjonen. Mi klare oppfordring er at politikarane må ha full kontroll over administrasjonen og administrasjonen kan heller ikkje vere skjerma for kutt, sa Måseide som sit i levekårsutvalet for Folkelista.