Grimstadvatnet rundt laurdag

Plussgradene er tilbake til andre løpet i Vinterkarusellen på Hareid.

Raskaste kvinne: Ingrid Festø vann kvinneklassen under første løp i vinterkarusellen.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Laurdag er det klart for løp to av fire i årets vinterkarsell på Hareid. Etter ei tid med kjølig og tørt vêr, ser det no ut til at løparane kan bu seg på plussgrader og truleg litt nedbør under det 7,8 kilometer lange løpet rundt Grimstadvatnet.

Andreas Vangsnes og Ingrid Festø var dei raskaste i det første løpet, der det vart registrert mange gode tider, trass nokre utfordringar med vegarbeid på delar av løpstraseen.

Under første løpet var det også godt oppmøte, med 47 personar på startstreken. Arrangørane i Hareid IL håpar også det er mange som legg turen til Hareidsmyrane laurdag.