Ny kyrkje, treng vi det?

Kyrkjesoknet fortener både oppmuntring og takksemd for engasjementet og innsatsen dei legg ned for å samle inn pengar til eit stort fellesprosjekt for samfunnet, seier ordførar Knut Erik Engh i dette innlegget  Foto: Illustrasjon: Snøhetta

Nyhende

Diskusjonane rundt om ein bør bygge ny kyrkje eller ikkje, går høgt i Ulsteinsamfunnet. Det er ei sak som vekker stort engasjement – både blant dei som er for bygging av ny kyrkje og dei som er i mot.

Det er stor semje blant dei folkevalde om at kommunen ikkje evnar å bygge ny kyrkje slik den økonomiske stoda er no. Det er også grunnen til at soknet har teke på seg oppgåva med å samle inn nok pengar til å finansiere store delar av prosjektet sjølv. Eg har overfor soknerådet vore tydeleg på at «timinga» ikkje kunne vore verre, og at eg ikkje kan støtte oppstart av prosjektet no.

Eg er likevel positiv til at ein skal jobbe vidare med planane og finansieringa, for vi treng ei ny og større kyrkje i Ulstein. Folketalet veks heldigvis godt i kommunen vår, og vi har svært mange aktive brukarar av kyrkja også blant dei som flyttar hit frå andre land og kulturar. Ein kan difor ikkje berre avfeie behovet for ei ny kyrkje med at dette er eit tilbod for nokre svært få.

Kyrkja handlar ikkje berre om forkynning av Guds ord. For dei aller fleste er kyrkja ein viktig kulturberar som tek vare på identiteten og verdigrunnlaget som samfunnet vårt er bygd på. Kyrkja er i tillegg ein viktig samlingsstad der vi deler våre største gleder og djupaste sorger. Eg er ingen aktiv kyrkjegjengar sjølv, men eg har mange gonger tenkt på korleis samfunnet vårt hadde vore utan kyrkja, og eg likar ikkje tanken.

Kyrkja gir svært mykje tilbake til samfunnet rundt seg, både i form av positive aktivitetar for born og unge, som integreringsarena og ikkje minst som ein støttespelar til dei som slit i kvardagen. Som ordførar ser eg mange sider ved samfunnet og er svært takksam for at kyrkja stiller opp for dei som treng det mest – ein innsats som skjer i det stille.

Ein moderne kyrkjelyd treng moderne fasilitetar for å kunne gjere ein best mogleg jobb. Dagens kyrkje er eit fantastisk bygg som vi må ta vare på og bruke aktivt også etter at ei ny kyrkje er bygd, men den vil aldri kunne fungere som undervisningsrom eller som aktivitetshus.

Kyrkjesoknet har teke på seg ei stor oppgåve med å samle inn nok pengar til å realisere målet sitt, og det kjem på ingen måte til å bli lett. Eg meiner difor at dei fortener både oppmuntring og takksemd for engasjementet og innsatsen dei legg ned for å samle inn pengar til eit stort fellesprosjekt for samfunnet. Vi bør ikkje kvele dette arbeidet, men vi må vere tydelege på at dette nok er eit meir langsiktig prosjekt enn det kyrkja har sett føre seg til no.