Inger vart kåra til årets reinhaldar

Du merkar det kanskje ikkje når dei er der, men når dei ikkje er der så merkar du det i alle fall.

Årets reinhaldar i Møre og Romsdal: Inger Røren (nr. 2 frå venstre) har blitt kåra til Årets Reinhaldar av Fagforbundet i Møre og Romsdal. Elles ser vi f.h. Arild Sande frå Fagforbundet, kollega og tillitsvald for reinhaldarar og vaktmeistrar i Ulstein Eigedomsselskap Greta Notanes, reinhaldsleiar i eigedomsselskapet, Heidi Lunde Øvereng og heilt til venstre hovudtillistvald for Fagforbundet-organiserte i Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap, Hilde Ringen Hofseth. 

Nyhende

Vi snakkar naturlegvis om reinhaldarane. Utan innsatsen til denne yrkesgruppa ville det raskt ha blitt utriveleg, ja, etter kvart også helsefarleg rundt oss.