Øvrevegen og Holsekerdalen er no begge forkøyrsregulerte:

– Det har gått fint

Det har ikkje blitt meldt inn ei einaste klage etter at Holsekerdalen og Øvrevegen blei forkøyrsregulert for ei veke sidan. – Det må jo tyde på at dette har vore ei naudsynt endring, seier Odd Kåre Wiik i Ulstein kommune.

Støylesvingen: Odd Kåre Wiik, leiar for drift og anlegg i Ulstein kommune, stod her ved det kanskje mest utsette krysset i Holsekerdalen, Støylesvingen, i midten av november. I slutten av månaden blei vegen forkøyrsregulert. Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Det var mange som hadde venta lenge på resultatet av reguleringsprosessen som i realiteten blei sett i gang i 2014, då Ulstein kommune innan sommaren kom skulle melde ifrå om aktuelle strekningar som burde bli forkøyrsregulert. Dei to strekningane som blei prioritert den gongen var vegen ned Holsekerdalen og strekninga frå Varleitet til Bugarden–Øvrevegen.