Politiet oppmodar bilistar om å køyre forsiktig

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melder på twitter om fleire trafikkuhell i fylket på grunn av glatt vegbane. I Rindal har ein brøytebil køyrd av vegen. Det har elles vore trafikkuhell i Ålesund, Åndalsnes og Tusvika i Sykkylven.

Førebels i kveld er det ingen ulukker med personskade. - Køyr forsiktig, er oppmodinga frå politiet til bilistane.