Samlar inn til fellesfyrverkeri i Ulsteinvik for tredje gong:

– Bli med på spleiselaget

– I år skal det bli betre enn nokon gong, berre folk melder seg på, seier Line Urke i Ulstein Næringslag.

Felles fyrverkeri Draumen til Line Urke og Ulstein Næringslag er at det på ny skal bli fellesfyrverkeri i Ulsteinvik. Her frå 2017.  Foto: Nanseth Media.

Nyhende

– Fyrverkeriet sist nyttår vart ein kjempesuksess med fantastisk god oppslutning og folkevandring i sentrum. Det er klart vi må følgje opp ein slik suksess, seier leiar for Ulstein Næringslag, Line Urke.

Ifølgje Urke meinte mange at det aldri har vore meir folk i sentrum enn natta til den første dagen i det nye året, 2018.

– Eg trur aldri eg har sett meir folk i sentrum på nyårsaftan nokosinne, seier Urke.

I fjor kom det inn rundt 100.000 kroner. Det var også innsamlingsmålet.

– Vi har som mål i år å samle inn minst like mykje som i fjor. Då fyrte vi av eit stort og flott fyrverkeri frå moloen. Men for å få til det same igjen, må folk legge pengane sine i spleiselaget, og la himmelen over Ulsteinvik gneistre, seier Line Urke og held fram:

– Det har vore eit fantastisk spleiselag mellom næringslivsaktørar og private som har gjort det mogleg – og vi håper endå fleire ønskjer å få med seg denne opplevinga igjen. Men for at vi skal kunne planleggje og gjere avtalar, må vi vere ute såpass tidleg at vi veit kva vi kan bestille. Difor er det viktig at dei som ønskjer å bidra til eit felles fyrverkeri gjer det no.

Ei oppleving for alle

Næringslagsleiaren meiner det er fleire gode grunnar til å arrangere felles fyrverkeri.

– Det viktigaste er tryggleiken. Det vert meir kontrollert, utført av fagfolk og ikkje spreidd mellom bustadane. Det gjeld både i høve branntryggleik og personskadar. Det andre er kostnadane, som vert langt mindre for kvar enkelt, dersom vi spleisar. Det tredje er opplevinga. Dei som var der i fjor var godt nøgde, og eg har fått fleire førespurnader frå privatpersonar som vil doble sine bidrag frå i fjor, fortel Line Urke.

Ho fortel at ideen opphavleg kom frå kultursjef Leif Ringstad for to år sidan. Men, det var ikkje meininga at kommunen skulle ta på seg ansvaret for dette. Difor har næringslaget tatt over organiseringa.

– Med felles fyrverkeri gjennom spleiselag viser vi igjen kva slags fantastisk flott plass vi bur på. Vi må heller ikkje gløyme at det ikkje er alle som har pengar til å svi av tusenvis av kroner på rakettar. Gir dei som har råd til å betale alt frå nokre hundrelappar og oppover, vert det ei felles oppleving for alle. Og som alle får ta del i, seier Line Urke, som legg til at ein anten kan vippse til «Felles Fyrverkeri Ulsteinvik» eller bruke bankgiro.