Fylkesveg 654 er stengt ved Coop-butikken i Tjørvåg etter eit trafikkuhell, melder Vegtrafikksentralen. I følgje politiet dreier det seg om ein samanstøyt mellom to bilar.
Politiet melder om at det var ein person i kvar av dei to bilane. Båe blir frakta til sjukehuset i Ålesund, den eine i luftambulanse.
Naudetatane melder om at det er lange køer på begge sider av ulukkesstaden.
Vegvesenet skriv at dei frå klokka 17.20 starta manuell dirigering forbi ulukkesstaden, på grunn av olje-/bensin-/dieselsøl etter ulukka.