O jul med ditt flatbrød

I vekene før jul bakar Eirik Strandabø (35) flatbrød kvar einaste dag. I løpet av tre timar blir det 25 flatbrød. Og det meste sel han no i adventstida.
Nyhende

– Det er nauta gode flatbrød, forstår du!

Det er ein tidleg torsdag ettermiddag i november. Sola skin inn i garasjen i Hasundvegen 2, der Eirik Strandabø har rigga til eit lite flatbrødbakeri.