Opnar Hasundvegen

I dag vart det lagt asfalt på Hasundvegen.   Foto: Odd Kåre Wiik

Nyhende

I morgon ettermiddag, fredag, opnar Hasundvegen igjen. Det melder Ulstein kommune i ei pressemelding.

I dag vart vegen asfaltert.

Sidan i sommar har det vore anleggsarbeid i vegen med grøfter for tekniske anlegg til vatn og straum. Vegen har vore stengt for gjennomkøyring. Entreprenør Aurvoll & Furesund AS og Ulstein kommune nyttar no høvet til å takke trafikantar og oppsitjarar for tolmod i anleggsperioden. Frå i morgon ettermiddag av er det altså slutt med trafikkregulering av denne vegen.