Julepynta butikkar

Vinnaren er kåra

Det er mange forretningar i Ulsteinvik som har pynta fint til jul, både utandørs og innandørs. Ein jury har no kåra dei til beste.
Nyhende

Etter jurymøtet torsdag troppa representantar frå juryen og Line Urke som er dagleg leiar i Ulstein Næringslag opp på butikken Laila Tekstil & Interiør. Dei kunne fortelje ei glad og overraska Laila Endresen at ho vart vinnar av årets konkurranse. Endresen får prisen for å ha pynta butikken sin både utandørs og innandørs, ho har laga til ei god julestemning i butikken. Dei hadde merka seg at ho har flytta rundt på interiøret og latt julevarene kome til sin rett.

– Du har gjort ein innsats for å gjere det hyggeleg, rosa Siw Ulstein som sat i juryen.