Budsjettet i Ulstein

Dei største partia er samde

Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre har blitt samde om eit budsjettframlegg for dei neste fire åra. (arkivfoto) 

Nyhende

Framstegspartiet, Høgre, Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkepart og Venstre har blitt einige om ein budsjett- og økonomiplan for 2019-2022. Framlegget sikrar byggestart for Ulsteinvik barneskule 2020 og at ein startar nedtrappinga av eigedomsskatten. Partia er einige om at ein må ha stram drift og redusere investeringane framover for å halde økonomien i sjakk.

Trappar ned eigedomsskatten

- For oss har det viktigaste vore å skape eit handlingsrom for å kunne fjerne eigedomsskatten seier Alf Johan Antonsen (Frp) i ei pressemelding. - Me har dessverre eit stykke att før me kan klare oss utan eigedomsskatt, men med dette budsjettet startar me nedtrappinga, og det er me glade for.

Knut Kleiven (H) viser til at Ulstein Høgre leverte eit stramt budsjettforslag som tok omsyn til kommunen sin tronge økonomi. - Men som forslaget vårt synte var det viktig for oss å prioritere den oppveksande generasjon og gode villkår for omsorgstenestene. Me er glade for å bli med i ein koalisjon som delar eit slikt syn og at me kunne prioritere utbygging og opprusting av Ulsteinvik Barneskule om kort tid, seier han i same pressemeldinga.

Renathe Rossi-Kaldhol (Ap) er også glad for å få til eit felles budsjett med dei andre partia. - Arbeidarpartiet var eit av partia, som i sitt budsjettframlegg i formannskapet, fremma botnfrådrag som eit viktig budsjett-tiltak. Dette er me særs nøgde med å få til i fellesskap med dei andre partia i koalisjonen. At me også fann rom til å gjere naudsynte grep med situasjonen ved Ulsteinvik barneskule er gledeleg, seier ho i pressemeldinga.

Prioriterer skule og barnehage

Steinar Torvik (Krf)  er glad for at partia i fellesskap greidde å finne rom for botnfrådrag for eigedomsskatten, Ulsteinvik barneskule og forprosjekt om fornying av kommunal barnehage. - At dei andre partia også støtta Krf i at kommunen må ha fokus på forebygging mot utanforskap er svært gledeleg.

- For oss i Venstre har det vore særs viktig å få flytta fram investeringa i barneskulen i Ulsteinvik slik at me har ein best mogleg skule samt å få inn eit botnfrådrag i eigedomsskatten som signaliserer at me ønskjer å kvitte oss med han, seier Pål Grødal (V) i pressemeldinga.

Stram økonomi

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) er godt fornøgd med framlegget, og ikkje minst med samarbeidsklimaet mellom partia. - Dette budsjettframlegget tek omsyn til kommunens stramme økonomi ved at ein ikkje har prioritert ei rekke nye driftstiltak og ved at ein har vore forsiktig med å legge inn store forventningar om høgare inntekter. Det siste har vist seg å vere særdeles klokt dei siste åra, seier Engh i same pressemelding.

I budsjettframlegget frå desse fem partia har dei lagt inne inn ein auke i skatteanslaget med to millionar. Dei har også lagt inn ein forventa auka inntekt på 700 000 kroner frå Havbruksfondet.

Dei har lagt inn pengar til stolar og golvdekke på Ulstein Arena, noko dei budsjetterer med auka inntekter til utleige av arrangement. Dette er det budsjettert med vil gå opp i opp, 75 000 ut og inn årleg dei fire første åra, deretter 300 000 kroner ut og inn. I staden for ein million i støtte til Ulstein Næringsforum, som rådmannen har lagt inn i budsjettet, vil dei gje 750 000 kroner i støtte i 2019. 

Dei har plukka opp budsjettposten til KrF, om tiltak mot utanforskap. Men dei vil bruke neste år på å konkretisere dette betre, og ta det inn i budsjettet frå 2020. Det er snakk om 250 000 kroner i året. Dei legg opp til å starte utbygginga av Ulsteinvik barneskule i 2020, Sundgotmarka barnehage frå 2022 (forprosjekt ligg inne frå 2019 i rådmannen sitt framlegg). Dei vil også redusere formannskapet sin tilleggskonto med 300 000 kroner i året.

Dei fem partia erkjenner at dei ikkje er heilt i mål for å nå handlingsreglane som kommunestyret har sett med omsyn til driftsresultat og gjeldsutvikling, men meiner at dei likevel har levert eit nøkternt budsjett som tek omsyn til at kommunen treng å bygge opp fondsreservane for å kunne tåle litt ruskevêr i framtida.

- Det verkar på meg som om at kommunestyret, administrasjonen og dei tilsette i kommunen no har kome til ei felles erkjenning av at ein no må trø litt varsamt på bremsen i staden for å gi gass. Det er bra, for det er det som skal til for at kommunen skal kunne gå inn i framtida med nok styringsfart, avsluttar ordføraren.

Seier ikkje noko om kyrkja

Budsjettframlegget frå dei fem seier ikkje noko om bygging av ny kyrkje i Ulsteinvik. Det som er foreslått frå rådmannen er at kommunen tar over gjelda for ei ny kyrkje frå 2032, såleis kjem det ikkje inn i økonomiplanen for 2019-2022.

Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er ikkje med på dette framlegget.


 

SV med eige budsjettframlegg

Ulstein SV vil kutte i rådmannsløna, bruke færre kroner på å rekruttere ny rådmann og kutte støtta til Næringsforumet for å prioritere utsette grupper.