Naboen Restaurant Hareid:

Opnar i neste veke

Ghazi-familien opnar sin tredje restaurant i regionen når den nye Naboen Restaurant Hareid er klar like over helga.

Flotte lokale: Sidan august månad har det blitt jobba med å setje i stand lokala. I starten av neste veke opnar Naboen Restaurant Hareid dørene. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Opnar neste veke: Det er i lokala der Mix-kiosken låg i ei årrekkje at Naboen Restaurant Hareid skal ligge, pluss litt til. – Vi har heile første etasjen i denne delen av bygget, så vi får god plass, fortel Refak Ghazi. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Dette ser vi sjølvsagt veldig mykje fram til. Vi gler oss til å ønskje bygdefolket velkomen, seier Refak Ghazi til Vikebladet Vestposten.

Naboen-konseptet er frå før godt etablert med restaurant i Ulsteinvik og på Larsnes.

– Vi har ambisjonar om å halde fram veksten, og dette er på mange måtar eit nytt ledd i den satsinga. Vi har også planar om å finne fleire lokale kring om i regionen, men utfordringa vi ser, og som er høgst reell for fleire aktørar i området, er å finne gode kokkar og gode servitørar. For å vere ein god restaurant treng ein flinke folk, som er villige til å stå på, og som gjer det vesle ekstra, seier Ghazi.

Moderne og heimelaga uttrykk

Sidan i august har han og familien jobba på for å gjere om lokala i Sentrumsbygget på Hareid til ein restaurant. Det var i desse lokala Mix-kiosken heldt til i ei årrekkje, før den blei avvikla.

– Det har vore ein del arbeid, men eg meiner det har blitt veldig bra. Lyse, trivelege lokale, med eit moderne uttrykk. Så har vi stått for det aller meste av designen og utforminga sjølve. Målet er at folk skal føle seg som heime når dei kjem til restauranten. Det meiner eg vi har oppnådd også her, seier Refak Ghazi.

Satsar på same konseptet

Naboen Restaurant i Ulsteinvik var den fyrste, restauranten på Larsnes blei den neste, og menyen frå det første konseptet blei vidareført dit – med nokre få endringar. Slik blir det også på Hareid, fortel Refak.

– Det er dette vi ser folk flest ønskjer. Ein meny beståande hovudsakleg av mat frå det italienske kjøkkenet. Det har vore ei satsing som har gitt resultat, både i Ulsteinvik og på Larsnes, seier han.

Sonen Rafat driv for tida restauranten på Larsnes, den andre sonen Mostafa driv Ulsteinvik-restauranten, og ein tidlegare medarbeidar i Ulsteinvik kjem no inn for å drive restauranten på Hareid. Refak styrer mest med papirarbeid, men hjelper også til der han trengst.

Ghazi fortel at det er søkt om skjenkeløyve for restauranten på Hareid, og at dette høgst truleg går i orden til like over nyåret.