Laurdagspraten med

Reiste frå Vesterålen til Hareid for kjærleiken

Under eit opphald i Tromsø under det store sildefisket i 1942 spurde Hans Flø vesterålsjenta Freddy Marie om ho ville på kino. To år etter risikerte ho livet då ho blei med ei ishavsskute til Hareid for å møte sin kjære. Ho gifta seg med Hans i 1945, og har budd på Hareid sidan.

95 år: Freddy Marie Jensen Flø bur framleis heime i sitt eige hus på Hareid. Ho tok i mot lokalavisa til ein prat i det flotte huset, som blei bygd og flytta inn i mellom 1917 og 1918, og som med andre har stått i over 100 år. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Det er klart eg saknar Bø, og Vesterålen. Det gjer eg kvar dag. Men eg har hatt eit veldig fint liv her på Hareid også, seier Freddy Marie Jensen Flø (95) til Vikebladet Vestposten.