Vind og dårleg vêr nyårsaftan:

Fellesfyrverkeriet i Ulsteinvik er avlyst - men på Hareid blir det

Ulstein Næringslag fortel at fellesfyrverkeriet i Ulsteinvik er avlyst. På Hareid vil det gå som planlagt - og Ulstein Næringslag og Hareid-ordføraren oppmodar dei som vil om å ta turen dit.

Om lag slik kunne det sett ut, men fellesfyrverkeriet i Ulsteinvik blir avlyst grunna dei dårlege vêrutsiktene.  Foto: Nanseth Media.

Nyhende

Line Urke, leiar for Ulstein Næringslag, var nøydd til å levere den leie beskjeden etter at dei profesjonelle pyroteknikarane som skulle stå for fyrverkeriet ikkje lenger såg at det ville vere trygt å fyre av i Ulsteinvik sentrum.

- Dei ønskte ikkje å risikere noko med den vindretninga og den vindstyrken vi vil sjå i kveld. Det hadde vore ein fare for leilegheitene på Sjøsida og andre bygg, hadde ein gått på med opplegget. Det blir vind i kveld som vil gjere at fyrverkeriet lett vil skifte retning - men det ville heller ikkje ha blitt så spektakulært. Det er beklageleg at det måtte bli slik, men det var heller ikkje noko å lure på. Tryggleiken må setjast først, seier Line Urke.

Ho fortel at bilen der fyrverkeria skulle fyrast av frå stod og vogga fram og tilbake morgonen nyårsaftan på grunn av den sterke vinden.

- Dei som skulle stå for dette byrja å rigge seg til, men bilen berre rista. Vi forsøkte også å finne andre stader der det kunne skytast opp i staden, men det har vi ikkje lukkast med, seier Urke.

Som avslutningsvis oppmodar folk som vil sjå spektakulært fyrverkeri om å ta turen over til Hareid i kveld. For fellesfyrverkeriet på Hareid blir gjennomført som planlagt, då det ikkje vil vere ei slik utfordrande vindretning der.

- Det er også samme gjengen som står for oppskytinga der, og dette er profesjonelle karar. Det blir heilt sikkert bra, seier Line Urke.

Som poengterer at det er fellesfyrverkeriet som er bestilt der som blir sendt opp der - ikkje det som var bestilt til Ulsteinvik i tillegg.

- Ta turen til Hareid

Hareid-ordførar Anders Riise fortel at pyroteknikarane er i ferd med å rigge opp fyrverkeriet som etter planen skal fyrast opp klokka 22.30 i kveld.

- Vi held fram som planlagt, også med tanke på tidspunktet. Det er mellom anna fordi at dei som då kjem frå Ulstein skal kunne rekke heim igjen til klokka bikkar midnatt. Vi ønskjer folk frå Ulstein hjarteleg velkomne til å ta turen til Hareid, seier Anders Riise.

Han oppmodar også folk om å vippse til Hareid IL - Fellesfyrverkeri, då ein ikkje er heilt i mål med summen.