Fjord1 slepp å hoppe etter Wirkola

Frå om bord-køyringa på Hareid onsdag formiddag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Fjord1 slepp å hoppe etter Wirkola, for det er liten tvil om at det var svært etterlengta då reiarlaget tok over ferjesambandet Hareid-Sulesund frå nyttår.

Ferjetrafikken vedkjem og interesserer mange, det kan vi sjå av nettstatistikken på vikebladet.no. To av dei mest lesne nettsakene våre den siste veka handla om ferjene Ullensvang og Hadarøy, den gamle og den nye ferja på sambandet.

Vi var med då Ullensvang tok sin siste tur frå Sulesund til Hareid nyårsaftan. Ferja, som det har vore ein del kluss med, engasjerer, og i kommentarfeltet på Facebook heiter det mellom anna: «Kva skal vi prate om no? Dette er vemodig. Kjem ikkje til å bli sakna. Ein gledens dag!.» Og veldig mange lesarar takkar mannskapet for å ha vore blide og gjort ein kjempeinnsats desse åra. Heldigvis skal mange av dei same folka halde fram i sambandet.

Lokalavisa var også med på ein av dei første turane med den flunkande nye MF Hadarøy. Kapteinen er den same som på Ullensvang: Fridtjov Vorren. Han meiner nyeferja er eit løft for sambandet. Det har han sjølvsagt heilt rett i.

Vi takkar Norled for innsatsen og ønskjer Fjord1 velkomen. Ferjetrafikken på Hareid-Sulesund kjem nok ikkje til å gå knirkefritt med Fjord1 heller. Vi må til dømes vente nokre veker på dei to andre nye ferjene, og sambandet er enno ikkje rigga for at ferjene skal gå på elektrisitet.

I neste veke skal samferdselsministeren få ei oppdatering om Hareid Fastlandssamband. Går alt etter planen, blir det byggestart i 2023. Då går det i så fall ikkje mange år før vi kan kome oss over Sulafjorden utan ferje.

Kva skal vi snakke og skrive om då, skal tru?