Ventar influensatopp i februar

Barn under 5 år og yrkesaktive er truleg mest utsett.

INFLUENSA Årets influensautbrot vil truleg nå toppen i februar og råke særleg yrkesaktive og born under fem år, trur Folkehelseinstituttet  Foto: Illustrasjon / Berit Roald / Scanpix

Nyhende

Folkehelseinstituttet reknar med at influensatoppen i år kjem i februar. Barn under 5 år og yrkesaktive er truleg mest utsett.

Kor omfattande influensautbrotet blir i år er det enno ikkje mogleg å føresjå, skriv Folkehelseinstituttet i ei statusoppdatering torsdag. I jula auka talet på sjukdomstilfelle, men ein topp i talet på sjuke er ikkje venta før i februar.

Årets influensa er av typen A (H1N1) og er av ein type som oftare rammar yngre menneske.

– Dei eldste er av ulike årsaker mindre mottakelege for A (H1N1)-viruset, men gjerne meir mottakelege for A (H3N2)-virus, skriv Folkehelseinstituttet i ei statusoppdatering torsdag.

Dei to siste åra har influensautbrota vore av type A (H3N2) som har gått spesielt ut over eldre. Dette viruset er i omløp i år også, men i mindre grad enn dei føregåande åra. Undersøkingar viser dessutan at mange i befolkninga er immune.

Mange nordmenn er immune mot årets influensa. Nær ein halv million nordmenn er dessutan vaksinerte. Over 300.000 av desse er 65 år eller eldre, noko som tilseier at dekninga blant dei eldste allereie no ligg på 35 prosent som er over dekninga på 34 prosent i fjor.