Ein sunnmørsk platepionér

Ein av pionerane innan nynorsk slagermusikk var Marie Lovise Widnes frå Vanylven.

Ein slager: «Gangdøra», skriven og framført av Marie Lovise Widnes, vart ein retteleg slager då plata kom ut i 1957. 

Nyhende

Mellom dei aller første som skreiv eigne, nynorske tekstar og fekk desse gitt ut på plate var Marie Lovise Widnes (f. 1930).

Ho hadde dikta og sunge viser i mage år då ho i 1957 fekk høve til å prøve seg i studio i Oslo. I løpet av to hektiske dagar spelte ho inn i alt 12 viser som vart gitt ut både som vinylsinglar og 78-plater på plateselskapet Philips det etterfølgjande året. Særleg vart visa «Gangdøra» ein formidabel suksess. Denne er det framleis mange som hugsar og visa fekk også plass på samleplata «Solid norsk gull» som kom ut i 1974.

Fleire av platene hennar hadde viser som var retta mot barn, som til dømes «Truls og Basse».

– Dette var nokre av dei første platene med nyskriven musikk for born. Marie Lovise vart av fleire samanlikna med Alf Prøysen, fortel Arild Torvund Olsen.

I 1963 flytta Marie Lovise til Hareid saman med familien, der ho bur framleis.

Når utstillinga «Nynorsk vinyl» opnar 24. mars, vert dette gjort med Marie Lovis Widnes til stades.