Klart kva gåva frå Gjensidigestiftelsen til «Ung arena på Ulstein Arena» skal gå til:

Søkjer prosjektmedarbeidar

I midten av desember fekk prosjektet over 1,3 millionar kroner i gåve frå Gjensidigestiftelsen. No blir brorparten av pengane nytta for å få på plass ein prosjektmedarbeidar i eit års tid framover.

På jakt Kultursjef Leif Ringstad, fungerande biblioteksjef Britt Opsahl Myrene, ungdomsarbeidar ved Ungdomsklubben Bell, Marie Flatin, kulturkonsulent Annika Brandal og Ulstein Frivilligsentral-leiar Inger Anne Dimmen ønskjer å tilsetje ein prosjektmedarbeidar.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Vi ønskjer nokon som har blikk og engasjement for ungdommen

Leif Ringstad, kultursjef i Ulstein kommune

Overraska Der var i desember i fjor at Gjensidigestiftelsen overraska med å gi over 1,3 millionar kroner til prosjektet «Ung arena på Ulstein Arena».  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Som Vikebladet Vestposten kunne melde 14. desember i fjor, skal desse midlane gå til dei fire delprosjekta «Debattarena for unge», «Leksehjelp», «Open hall» og «BUA-ordninga/utlånssentral» – alle under hovudprosjektet «Ung arena på Ulstein Arena». Prosjektet er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Ungdomsklubben Bell og Ulstein bibliotek – og rettar seg mot all ungdom i alderen 13–18 år. Men det trengst nokon som kan ha orden på dei fire delprosjekta og sørgje for at arbeidet blir gjennomført gjennom samspel med dei andre i kulturavdelinga til Ulstein kommune.


Gjensidigestiftelsen gir over 1,3 millionar kroner til «Ung arena på Ulstein Arena»:

– Dette var veldig, veldig kjekt

Fredag blei det delt ut ei ekstra fin julegåve knytt til satsinga på ungdommane i Ulstein kommune. Gjensidigestiftelsen støttar nemleg prosjektet «Ung arena på Ulstein Arena» med over 1,3 millionar kroner.

 

– Vedkomande må også samarbeide med aktuelle aktørar i kommunen og næringslivet elles, seier Annika Brandal, kulturkonsulent i Ulstein kommune.

Difor søkjer samarbeidspartnarane no etter ein eller fleire personar som kan koordinere dei fire delprosjekta i samspel med ungdommen, frivillige i tillegg til lag og organisasjonar. Det blir i utgangspunktet lyst ut éi 100-prosentstilling, men det blir også opna opp for å søkje på delar av den – mot at ein opplyser om det.

– Det må også påreknast kvelds- og helgearbeid. Det er jo for det meste då ein treff ungdommen, seier Marie Flatin, ungdomsarbeidar frå Ungdomsklubben Bell.

– Spanande og allsidig

Lokalavisa møtte Brandal, Flatin, Ulstein Frivilligsentral-leiar Inger Anne Dimmen, kultursjef Leif Ringstad og fungerande biblioteksjef Britt Opsahl Myrene til ein prat. Dei var alle hoppande glade då Berit Lyngstad, medlem i gåve-utvalet i Gjensidigestiftelsen Møre og Romsdal, overrekte ein sjekk på nøyaktig 1.320.070 kroner i desember. Dei var også godt nøgde då dei denne veka kunne annonsere at det blir søkt etter ein prosjektmedarbeidar knytt til «Ung arena på Ulstein Arena».

– Vi ønskjer nokon som har blikk og engasjement for ungdommen. Vedkomande bør også ha litt av det ungdommelege i seg, og samstundes vere ein rettleiar i ulike situasjonar. Ei spanande og allsidig stilling, seier kultursjef Leif Ringstad.

Per no vil varigheita til prosjektstillinga vere minst i 12 månadar frå vedkomande er tilsett, med moglegheit for forlenging.

– Vi har høve til å søkje om meir midlar om vi treng det, men i første omgang har vi midlar til ei slik stilling i eitt år framover, seier Inger Anne Dimmen og Annika Brandal.

Fristen for å søkje er sett til fredag 25. januar, og planen er å fullføre tilsetjingsprosessen før inngangen til mars månad.

– For den rette personen eller personane vil dette vere eit flott stilling med gode utviklingsmoglegheiter, seier Annika Brandal til slutt.