Lesarinnlegg:

Ein bauta sluttar i Hødd

Les John Osnes sitt innlegg om Hødd-legenda Andre Nevstad.

"Andre (Nevstad, bildet) har hatt sine tilbod, men har har i alle år valt å bruke arbeidskapasiteten sin til beste for Hødd." Det skriv John Osnes, forfattaren av dette innlegget om Hødd-legenda.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes.

Nyhende

For oss som har jobba i tillitmannsaparatet i Hødd saman med Andre Nevstad i omlag 30 år, kom det som eit sjokk då me las pressemeldinga om at Andre valde å trekke seg frå jobben som sportssjef i Hødd. Ein blir frista å seie med diktaren: Så lang ei tid, så lang ein strid, og enno står me midt deri.

Engasjementet til Andre Nevstad har vore formidabelt; både i si tid som spelar og ikkje mist den tida han har vore administrator i klubben.