– Veldig bra at historia deira blir fortalt

Evelyn Røren, som er trussel- og valdskoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, er glad for at Øvrelid-søskena valde å fortelje historia si i avisa.

Evelyn Røren, trussel- og familievaldskoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, er glad for at Øvrelid-søskena har fortalt si historie offentleg.   Foto: Linda Eikrem

Slike historier må forteljast og heile samfunnet eig og er ansvarleg for dei

Nyhende

– Slike historier skal ikkje vere ei privatsak og dyssast ned, seier Røren, som er frå Brandal.

Laurdag publiserte Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten saka om dei fem Øvrelid-søskena, som vart mishandla då dei vaks opp i Ulstein og Hareid på 1960- og 70-talet. At ingen greip inn, er det som plagar dei mest i dag.