Amatør-sosiologiske betraktningar om forholdet mellom Hareid og Ulstein

kommentar

Skilnaden: Hareid har i større grad vore prega av fangst og fiske, noko som har gitt ein lausare struktur på organisasjonslivet enn det tilfellet har vore i Ulstein, trur Atle Måseide. Vi lar «Kviting» representere fangstkulturen. Biletet er lånt frå Ishavsmusset Aarvak. 

Nyhende

Eg er ikkje sosiolog, difor atterhaldet. I perioden 1960–2012 budde eg 2 år på Eid, 10 år i Bergen, 40 år i Tromsø. Erfaringane mine herfrå er altså ikkje rikhaldige.

For nokre år sidan spurde ein kjenning i Tromsø meg om tilhøvet mellom Hareid og Ulstein: Har dei slått seg saman? Om nei, kvifor ikkje? Eg laut tenke meg om. Så slo det meg at trass i kort fråstand mellom kommunesentera var skilnaden stor. For å ligge «vegg-i-vegg» på ei lita øy, var den påfallande. Gitt at forholdet var som eg trudde, kva kunne ligge under? Svaret mitt har eg freista lage eit konsentrat av:

Tanken min var at det kunne vere forstandig å ta utgangspunkt i eit punkt der kommunane skilde seg klart frå kvarandre, for så å freiste spore opp kva denne skilnaden kunne kvile på. Fann eg noko, kunne det kanskje sette meg på sporet av meir.

Ein nærliggande skilnad som utgangspunkt var fotball. I Ulstein har dei Hødd. Klubben er 100 år. Den fekk, så vidt eg har oppfatta, heilt frå starten ein organisasjon rundt seg og heldt seg stabilt høgt i divisjonssystemet. Ambisjonar om å få ein fotballklubb med suksess, krev ein organisasjon. Å overlate klubben til eldsjeler fører aldri til målet. Dessutan må tilgangen på spelarar vere stabil.

På Hareid var forholdet annleis. Eg veit ikkje når fotballklubben på Hareid vart skipa. Men det slo meg frå eg var ganske liten at eit kvart ikkje var som det skulle. Fotballbana låg i nærleiken av der vi budde, og sjølv om eg ikkje spelte fotball, var eg ofte på bana og såg på trening og kampar. Fotballklubben gjorde det ikkje særleg bra. Å samle spelarane til trening og kamp var problematisk. Det var stadig etterlysing av kvar den og den av spelarane var. Svaret var stort sett «på sjøen». Skaut ein eller annan tilskodar ballen i mål, helst i krysset, kom spørsmålet: «He’ du legekort?»

I Ulstein var det mogleg å skipe ein organisasjon som bar Hødd. Tilsvarande var ikkje tilfelle på Hareid. Der var det éi eller to eldsjeler som med blanda hell heldt laget flytande. Hareid var eit fiske- og fangstsamfunn. Ein tolleg stor del av gutane som vaks opp, vart fiskarar og fangstmenn. Dei hadde ikkje arbeid i land, men tilbrakte store deler av året på sjøen. Dei som kunne ha skapt og halde ved like ein organisasjon rundt fotballen, hadde for ein stor del sitt vedkommande arbeidsplassen sin på havet.

Ein fiske- og fangstkultur er ikkje det beste underlaget for langsiktig planlegging. Å skape og halde ved like organisasjonar krev langsiktig planlegging og evne til å realisere planane. Dette viste seg mangle på Hareid. Det har komme, og kjem framleis, til uttrykk i den lokalpolitiske kulturen. Landets største fiske- og fangstflåte høyrde heime på Hareid, heilt til midten av sekstitalet. Deretter gjekk det snøgt tilbake. Men den gamle kulturen lever vidare.

I Ulstein var det mogleg å bygge opp og halde ved like ein organisasjon rundt Hødd. Det viser, gitt at hypotesen min er rett, at kulturen i Ulstein ikkje var, og heller ikkje er, framand for langsiktige planar og evne til å gjennomføre dei. Ulstein har hatt nokre fiskebåtar. Samanlikna med Hareid har det vore smått. Tar eg ikkje feil, var det i mi tid eitt, kanskje to, havgåande fartøy i tillegg til nokre egga-båtar. Ulstein fekk derimot med kvart ein heller stor industri, der det er tale om til dels store einingar – i motsetnad til Hareid, der industrielt innslag stort sett har tilhøyrt småskala kategorien. Stor-skala industri krev ei anna form for langsiktig tenking og planlegging enn småskala.

Ser vi på kommunane sine sentra, er ulikskapen tydeleg. I Ulsteinvik er det systematisk blitt bygd ut eit tettstad-sentrum, medan det på Hareid er uråd å avgjere kvar sentrum er – om det i det heile finst noko slikt. Det ser ikkje ut til at politikarane i Hareid er i stand til å lage, eller semjas om, ein plan for sentrum – og langt mindre i stand til å realisere den. Da det var folkerøysting om Hareid og Ulstein skulle slå seg saman til éin kommune, var eit hyppig brukt argument mot samanslåing frå folk på Hareid at dei ikkje ville vere med på å betale gjelda til Ulstein. Da grunnen til gjelda var å finne i utbygging av sentrum i Ulsteinvik, var uviljen neppe berre uttrykk for sparsemd og økonomisk fornuft. Den var, kanskje først og fremst, uttrykk for at langsiktig planlegging som krev langsiktige investeringar, ikkje står høgt i kurs.

I ein fiske- og fangstkultur er langsiktig planlegging og investering problematisk. Du kan ikkje planlegge kor mange hektoliter sild båten din skal få om eit halvt år, ev. om to-tre år. Du må investere på basis av det du har fått. Fortid avgjer framtid, som nesten er nåtid. I ein industrikultur kan derimot planar ein har om framtida, ha realisme ved seg som gjer at det ein har tent i fortid, kan investerast med tanke på ei framtid langt ut over nåtida.

Fortid og tradisjon ber ein med seg – på godt og vondt. Det er lettare å skifte skjorte enn å kvitte seg med dei.