Ole og Ida Kaldhol fekk 13 born

Farvel: Vi er i Kaldholen, truleg på slutten av 1960-talet. På trappa sit frå venstre: Ole Kaldhol, Christa Kaldhol, Ida Kaldhol og Kjartan Kaldhol. Bak til venstre ser vi nokre baggar som står klare. Nokon har truleg sett sitt snitt til å ta eit foto i det Christa og Kjartan skal reise tilbake til Bergen etter eit besøk hos foreldra hans på Hareid. Kjartan underviste i tysk og språkhistorie ved Universitetet i Bergen. Christa var frå Tyskland. Dei vart skilde for ein del år tilbake, og Christa flytta då tilbake til Tyskland, der ho døydde for nokre år sidan. Dei har sonen Norman Kaldhol. Ole og Ida Kaldhol (f. Hovden) fekk 13 born. Då Ida gjekk svanger med barn nummer 11 jobba Ole ved ein av sildoljefabrikkane i Brandal. Han fall ned, og vart stygt skadd i ryggen. Trygdeordningar var det dårleg med, og familieøkonomien vart så skral at det kom varsel om at straumen skulle kuttast. Då samla Lasse Hansen inn pengar til dei. – Eg hugsar far spurde kvifor han gjorde dette, og at Lasse Hansen svara at han hadde vore i same situasjon sjølv, og at han derfor visste kor hardt slikt var for ein familie, fortel Kjartan Kaldhol. Ole kom seg etter kvart til, og var i mange år landmålar, tilsett i Hareid kommune. Som liten gut vart han blind på eine auget etter å ha vorte truffen av ein snøball med stein i. På sine eldre dagar fekk han grøn stær, og vart nesten heilt blind. Ida var kjend som ei dyktig kvinne. – Det er nesten utruleg at ho klarte å ta hand om 13 ungar, hus og fjøs, kommenterer sonen Kjartan. Han fortel at då Ida skulle ha nummer 13, Bjørn, som er fødd i 1943, tok eldstejenta Berta på 25 år (gift Pilskog) faren til sides og sa at no var det nok. Og etter det kom det ikkje fleire. Ida døydde i november 1973, Ole i september 1978. Det raude huset deira vart rive i februar 1986, då Terje og Siv Marit Røyset grov tomt til nytt hus på garden. ANNE GRY EILERTSEN 

Nyhende