Poteter

Nyhende

Ho sto opp om natta, og gjekk med lette steg over fille-ryene på golvet, til treskoa i yttergangen, som ho kjapt kippa på seg. Utanfor, i hagegraset, blinka små perler av dogg, våte og kalde mot dei nakne anklane hennar på veg mellom rabarbraen og stikkelsbæra, under greinene tunge av grøne plommer, forbi trea fulle av eplekart.

I det sola kom opp over dei taggete tindane til Vartdalsfjella, og lyset flomma ned over Sula-fjorden, der snekkene var på veg inn igjen etter å ha drege natta sine garn, i det himmelen lysna over dei mørke husa og hagane ved fjorden, sto farmora mi utanfor éin av desse sovande heimane, i nattkjole og tresko, bøygd over ein blomstrande potetåker, som ho drog opp nokre tidlege knollar frå.