Tilbyr målarkurs for vaksne

Nyhende

Ulstein kulturskule har tidlegare arrangert målarkurs for vaksne, og no satsar dei på endå eit kurs for denne gruppa, denne gong med tittel «mellom figurativ og abstrakt». Lærar blir som tidlegare Monica Vermeer.

Kulturskulen har også tidlegare arrangert slike kurs, seinast hausten 2018, då som no eitt kurs på dag- og eitt på kveldstid. Begge desse to kursa var fullteikna. Kurset no i vår bygger vidare på desse, men kan også sjåast på som sjølvstendige kurs. Det er ikkje nødvendig med noko forkunnskap.

Desse målarkursa er berre for vaksne og handlar om kva vi vil male med akrylmaling. Tør du utfordre deg sjølv?

Så korleis vil akkurat du male - skal det vere figurativt eller abstrakt, eller kanskje noko i mellom? Ynskjer du fortelje noke med måleriet eller vil du berre leike med fargar? Vil du prøve noke nytt eller kanskje berre ha ei fristund og koble av?

Då er dette kurset for deg. Akrylmåling gje mange ulike muligheiter, der ein kan nytte ulike reiskap for å skaffe forskjellige uttrykk. Har du tenkt på korleis fargar påverkar uttrykket ditt?

Kurset er lagt til kulturskulen sine lokale på Reiten og går over 8 gongar, eit kurs torsdagar på kveldstid og eit på dagtid på fredagar. Begge med start veke 7 (14./15. februar.) Det må vere seks påmelde før kurset vert starta opp.

Ta gjerne kontakt med kursleiar Monica Vermeer eller kulturskulen om du ønskjer meir informasjon om kursa