Visitasgudsteneste

– Hugs at Jesus ser deg

Biskop Ingeborg Midttømme tala i preika si om at livet og dagane ikkje alltid blir som me har tenkt. Men alt som møter oss kan me leggje i Guds hender.

Betesda: Biskop Ingeborg Midttømme starta preika si nede i kyrkje ved å lese om den sjuke ved Betesda. Deretter gjekk ho opp på preikestolen og tala rundt temaet.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det var eit rikhaldig program under visitasgudsteneste. Det var dåp for to born, det var nattverd, og både Tween-sing og Jazz og Korall song. Ståle Helvig spelte orgel og Astrid Dagestad fløyte.

Medlemene i Ulstein kommunestyre var spesielt inviterte til å kome, og det var heldt av ein benk til dei, men det var ikkje mange politikarar som dukka opp i kyrkja denne sundagen.