Alt er ikkje som normalt

Ole Gunnar Solskjær i 2011 i hans første periode som Molde-trenar, medan alt framleis var normalt.   Foto: Tor Atle Kleven / Wikimedia Commons

Onsdag 19. desember vart Molde-sjefen tilsett som midlertidig manager i Manchester United. Ingenting er normalt med det, men likevel var det merkeleg naturleg.

Nyhende

Dersom alt hadde vore som normalt ville truleg Ole Gunnar Solskjær vore på plass på Aker Stadion i Molde laurdag. Der hadde han fått sjå eit forsterka Molde 2-lag ta imot Hødd til treningskamp. Hadde alt vore som normalt ville Solskjær fredag kveld ha leia Fredrik Aursnes og resten av Molde-spelarane i treningskamp mot KBK, også den på Aker Stadion.