Boblande kjærleik

Lidenskap og kjærleik går ofte hand i hand. For Magne Kjell Wingsternes har bil – og først og fremst bobler – vore ei livslang kjærleikshistorie.

«Marilyn» og Magne Kjell Magne Kjell er trulova med Christine Brekke, men «Marilyn» er den andre dama i hans liv. – Denne hadde tante Greta (Overvåg, journ. anm.) då eg var liten, og eg vart raskt veldig glad i den, seier han.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyhende

– Det sit i meg frå barndommen av, dette med fascinasjonen for bil og motor. Og mest av alt Volkswagen sine klassiske bobler, seier Magne Kjell Wingsternes.