Plateinnspeling i Hareid kyrkje

– Eg speler best under press

Onsdagskvelden blir det plateinnspeling med Stig Ulv i Hareid kyrkje. Artisten sjølv synest det er hyggeleg om det kjem mykje folk.

Stig Ulv: Stig Ulv håper å få til ein god «live-lyd» på plata. Då blir musikken mest levande. Stig Ulv er berre han på gitar, bortsett frå på nokre nummer. Då er det han på banjo. Han har med seg lydmannen Sverre Walderhaug som gjer opptak. Liveinnspeling er noko som triggarhan. – Eg speler best under press, meiner han. Foto: Ingeborg Refsnes/Parken Kulturhus  Foto: Parken Kulturhus/Ingeborg Refsnes

Hareid kyrkje: Førstkomande onsdag blir det plateinnspeling i Hareid kyrkje. Alle er velkomne til å vere med. Det kan vere lurt å møte opp i litt god tid sidan det er billettsal i døra. 

Nyhende

Det vanlegaste når artistar skal spele inn ei plate er at dei går i studio og speler dei same songane om igjen og om igjen, heilt til dei får det så perfekt som mogleg. Dei kan terpe på same riffet på ny og ny før dei er nøgde.

Dette er ikkje noko for Stig Ulvestad, eller Stig Ulv som er artistnamnet hans. Han synest ikkje det passar til musikken hans å drive og polere innspelinga på dette viset. Ein ting er at det gjerne høyrest om ein klippar saman fleire bitar, når musikken hans berre er han på gitar. Noko anna er at han likar godt live-settingen. Han er glad i å spele for folk, han vil ikkje sitje i eit studio å spele for seg sjølv. Den sjette plata hans blir spelt inn på to konsertar, med publikum til stades. I slutten av februar spelte han på Parken kulturhus i Ålesund, og no på onsdag skal han spele i Hareid kyrkje. Dei beste innspelingane frå desse to konsertane blir då til plata «Gitarferd», som sleppast på MS «Slogen» 22. juni.

Vil ikkje oppmode til hosting, men ...

Stig Ulv likar også den spesielle lyden og stemninga ein får på plate når ho blir spelt inn på konsert, det blir meir levande.

– Korleis gjekk innspelinga på Parken kulturhus?

– Overraskande bra, det vart veldig fin lyd, seier Stig Ulv audmjukt. Han fortel at etter han fekk barn nummer to har det ikkje blitt så mykje tid til førebuing og øving som han hadde tenkt, men det gjekk likevel veldig bra. Han fekk også gode tilbakemeldingar på musikken han framførte.

– Eg kan risikere å spele noko opp igjen. I Ålesund spelte eg opp igjen 15 sekund for at eg spelte feil, fortel han.

I Ålesund gav han teikn til publikum når det var lov å gje applaus, det tenkjer han å gjere i Hareid også. Det må vere stilt før og etter opptak. Om nokon hostar kan det vere at det kjem med på plata, om lyden elles er bra. Utan at han vil oppmode folk til å hoste.

– Eg gler meg veldig til onsdag, eg trur det kan bli kult.

Ut av hovudet etter 20 år

Gitaristen skriv ikkje ned musikken sin. Han har alt i hovudet. Det meste av musikken han vil spele på onsdag er ny, laga dei siste månadene. Men det er også med ein låt han laga alt i 1999, utan at den har vore spelt inn før. Det er faktisk tittellåten «Gitarferd». Det er også med ein song frå 2000, «Heimkjær». – Det er nokre låtar som har følgt meg ein del år. No vil eg ta dei ut og spele dei, kommenterer Stig Ulv.

Han hadde eigenleg tenkt å spele inn denne plata neste år, men så kjende han seg klar no.

Artisten har spelt tre gonger i Hareid kyrkje tidlegare, då i bryllaup. Han har også spelt på Hareid i samband med den kulturelle spaserstokk. Om det blir vellukka no på onsdag håper han å få kome igjen. Og i september skal han ha konsert i Ulsteinvik, på Club Sjøborg.

Del av fasteprogrammet

Kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog i Hareid sokn gler seg til konserten med Stig Ulv. Det blir billettsal i døra, så det er fint om publikum møter i litt god tid.

– Det blir eit kjempeflott arrangement! Det er flott at Stig Ulv ønskjer å halde konsert i Hareid kyrkje og at han vil spele inn plate her, seier ho og fortel at dette er ein del av fasteprogrammet til Hareid sokn. Dei har ulike program i kyrkja kvar onsdag under fasta, seks veker på rad. Førre onsdag var det oskeonsdagsgudsteneste, der Hareid blandakor deltok. Neste veke vil Kjell Einar Ljones tale om Per Sivle. Så er det salmekveld med Ørsta kyrkjekor og Ørsta Bedehus Brass. Så er det solidaritetsgudsteneste med konfirmantar. Siste onsdagen er det påskevandring.

– Så her er noko for ein kvar smak, avsluttar Pilskog.