Nyekyrkja og parkeringsplassar

– Reknar med at dette er tatt høgde for

Ei eventuell frikjøping av parkeringsplassar er ikkje kalkulert inn i kostnadene ved å bygge ei ny kyrkje i Ulstein, men kyrkjeverja reknar med at dette vart tatt høgde for då kommunestyret vedtok plassering av ny kyrkje.

Tilstrekkeleg: I eit utgreiing frå 2015, om parkeringsbehovet i samband med bygging av ei ny arbeidskyrkje i Usltein sokn, vart det konkludert med at parkeringstilbodet er tilfredsstillande med dei plassane som er tilgjengelege i dag. Tomta for ny kyrkje ligg i området ved det kvite huset midt i biletet. Arkivfoto: Linda EIkrem  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

I Vikebladet Vestposten tysdag 12. mars skreiv vi om Ulsteinvik Bibelsenter som har fått eit krav på å betale 2,1 millionar kroner for frikjøp av parkeringsplassar. Dette skjer i samband med at dei etablerer seg med ny møtesal i sentrum av Ulsteinvik.


 

Ifølgje Ulstein kommune sine reglar vil fem sitjeplassar i eit forsamlingslokale utløyse behov for ein parkeringsplass. For å sleppe å opparbeide parkeringsplassar på eigen grunn kan ein betale ein sum per parkeringsplass til kommunen, som då tek på seg ansvaret for å opprette parkeringsplassar på dertil eigna område. Frikjøp av ein parkeringsplass kostar per i dag 300.000 kroner.

For bibelsenteret sin del utgjer dette 2,1 millionar kroner, og det er stilt spørsmål om korleis dette vil slå ut for den planlagde nyekyrkja i Ulsteinvik som er planlagt å ha inntil 700 sitjeplassar.

– Tilstrekkeleg med parkering

– No kjenner eg ikkje alle detaljane rundt planleggingsprosessen når det gjeld nyekyrkja før eg tok til som kyrkjeverje, men eg vil tru at dette med parkering er noko som har blitt teke omsyn til, seier kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul.

Han syner til eit vedtak i Ulstein kommunestyre frå 2015. I sakutgreiinga er parkeringsbehovet for ei ny kyrkje vurdert og her heiter det at bortsett frå ved større gravferder, vil eksisterande parkeringsplassar som ligg i akseptabel gangavstand og parkeringskjellaren ved Ulstein Arena vere tilstrekkeleg.

– Vi har hatt ein tett dialog med kommuneadministrasjonen heile vegen. Det har såleis vore god anledning til å spele inn denne problemstillinga, men så langt har frikjøp av parkeringsplassar ikkje kome som eit konkret krav til prosjektet, seier Christfried Kaul.

– Kommunalt ansvar

Han peikar på at det er Ulstein kommunestyre som har bestemt kvar den nye kyrkja skal ligge og at det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for bygging, drift og vedlikehald av kyrkjebygg.

– Som sagt, det har ikkje kome konkrete krav til etablering av nye parkeringsplassar i samband med bygging av ny kyrkje så langt i prosjektet. Men dette vil i så fall kunne skje i samband med at vi leverer inn den endelege byggesøknaden, seire Kaul.

Den nye kyrkja er kostnadsrekna til 103 millionar kroner. Kyrkjerommet vil ha sitjeplassar til 550 personar, men kapasiteten kan utvidast til 700 om det trengst.

Ulstein kommunestyre vedtok i desember å utsetje å ta stilling til søknaden om kommunale lånegaranti for ny kyrkje, til budsjett- og økonomiplanen for 2020-2023 skal handsamast.