Stenger Eiksundtunnelen grunna brannøving

I samband med øvinga i Eiksundtunnelen tysdag 19. mars, vil ein kunne sjå røyk i begge sider av tunnelen. Biletet er frå ei liknande øving i Nishammartunnelen i Sogn og Fjordane i 2018.  Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Nyhende

Eiksundtunnelen vert stengd tysdag 19. mars fordi Statens vegvesen og naudetatane skal øve på brann i tunnelen. Det melder Statens Vegvesen.

Tunnelen vil vere stengd frå klokka 18.45 til 21.30 og publikum vil sjå røyk frå tunnelen på begge sider under øvinga.

- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i pressemeldinga frå Statens vegvesen.

For tunnelar over 500 meter gjeld eigne krav om at kvar tunnel skal ha eigne planar for beredskap. Varsling, kommunikasjon mellom dei einskilde deltakarane på øvinga, bruk av tryggleiksutstyr og planar og samhandlin mellom dei ulike aktørane vert viktige punkt under øvinga.

I tilegg til politi, ambulanse og vaktsentralen til Statens vegvesen, vil abrann og redningstenesta i Volda, Hareid og Ulstein, Ørsta og Hornindal ta del på øvinga. 

- Øvingar i tunnelane er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd. Vi håper difor at trafikantane har tolmod med oss  i den tida vi må stenge Eiksundtunnelen, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.

Vegvesenet opplyser om at det er omkøyring via fv. 61 Hareid-Sulesund og E39 Festøya-Solavågen.

- Omkøyringa inneber to ferjer og for dei fleste trafikantar vil det difor vere best å planlegge køyreturen utanfor tidspunktet der tunnelen er stengt, oppmodar Statens Vegvesen.