Fleire gutar søker seg til helsefag på vidaregåande

Fleire gutar søker seg til helsefag på vidaregåande og at fleire elevar vel yrkesfag.   Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Nyhende

(NPK-NTB): Fleire vel yrkesfag og fleire gutar søker på helse- og oppvekstfag, viser søkartala for vidaregåande skule.

Likevel er det framleis store skilnader i kva for linjer gutar og jenter søker seg til. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon blir framleis dominert av gutar. Kjønnsskilnaden her har halde seg stabil over tid.

For design og handverk og helse- og oppvekstfag er det ei overvekt av jenter, men delen gutar som søker seg til helsefaga har auka betydeleg dei siste ti åra. Frå 2009 til 2019 har delen gutar som søker auka frå 11 til 21 prosent.

– Det er kjempebra at fleire gutar ser verdien av å utdanne seg innan helse- og oppvekstfag. Vi kjem til å trenge mange fleire fagarbeidarar i framtida, og at fleire vel yrkesfag enn tidlegare er veldig positivt, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Tidlegare har talet på søkarar til studieførebuande lege godt over talet på søkarar til yrkesfag. I fjor vart gapet betydeleg mindre mellom dei to retningane, og i år er det omtrent like mange søkarar til dei to studieprogramma.

37.274 personar har søkt seg til studieførebuande og 36.841 har søkt seg til yrkesfag. Blant yrkesfaga har helse- og oppvekstfag flest søkarar.

Blant fylka i landet har Akershus den største delen søkarar til studieførebuande med 61,2 prosent, medan flest har søkt seg til yrkesfag i Finnmark. 64,1 prosent av søkarane her ønsker å gå på yrkesfaglege linjer.