Sunnmøre Mållag:

Hødd får målprisen for 2019

Idrottslaget Hødd, 100-årsjubilanten, får målprisen for 2019.  Foto: Illustrasjon.

Nyhende

Sunnmøre Mållag har vedteke å gi sin målpris for 2019 til 100-årsjubilanten Idrottslaget Hødd. Det skriv mållaget i ei pressemelding. Prisen blir delt ut i Ivar Aasen-tunet laurdag.

"Hødd har vore eit førebilete ikkje berre sportsleg, men også språkleg og kulturelt. «Stolt – audmjuk – inkluderande». Dette er visjonen og verdigrunnlaget til Hødd, og den som er stolt, tek vare på seg sjølv og sin eigen identitet. Språk og identitet er einegga tvillingar. Dette har leiarane i Hødd forstått" skriv mållaget i meldinga.

Sunnmøre mållag held fram pressemeldinga med å fortelje at nynorsk er styrings- og opplæringsmålet i alle sunnmørskommunane utanom Ålesund.

"Slik er det dessverre ikkje i alle idrettslaga i dei same kommunane. Årsaka er neppe motvilje mot eige språk og eigen dialekt. Årsaka er heller at så godt som alt sportsstoff i riksmedia og i sentrale idrettsorganisasjonar er på bokmål. Heldigvis har Hødd og dei andre idrettslaga som nyttar nynorsk, skjøna kor viktig det er at spesielt unge idrettsutøvarar og idrettsinteresserte får røyne at språket deira eignar seg godt også i idrettsverda. Difor fortener alle desse laga takk og honnør."

Nemnda for målprisen held fram:

"Det som gjer Hødd særskilt kvalifisert til denne prisen, er at laget sin nynorsk også er nesten lytefri. Og «nesten lytefri» er ein kompliment i ei tid der respekten for rett språk er som vasstanden ved fjøre sjø. På lågmål. Dei er ei glede for Sunnmøre Mållag å gi målprisen til ein verdig vinnar og jubilant.

I nemnda for målprisen sit desse: Hilde Osdal (Volda Mållag), Terje Aarset (Ørsta Mållag) og Terje Kjøde (Ørsta Mållag)