Vil bruke 2,2 millionar kroner for å halde løfta til innbyggjarane på Røyset og Kaldholen:

– Dette handlar om å rydde opp, og ikkje minst, halde det vi har lova

Rosa fellesframlegget – og forsvarte pengebruken Rådmann Ragnhild Velsvik Berge blei av Framstegsparti-politikar Oskar Grimstad bedt om å kome med sine tankar kring fellesframlegget. Ho meiner på generelt grunnlag at Hareid ikkje bør ta på seg ekstra utgifter slik situasjonen er, men at dette var ei naudsynt investering for å rydde opp. Kristian Fuglseth (Folkelista) sit her og følgjer med på kva rådmannen seier, og var den som fremja fellesframlegget på vegner av Folkelista, Høgre, Venstre, Arbeidarpartiet og KrF.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Eit fellesframlegg under kommunestyremøtet torsdag førte til ei løysing på den vanskelege saka knytt til framføring av vatn og avlaup frå Bjåstad til Røyset. Det er også rådmannen og administrasjonen nøgde med.