Trafikkulukke i Ulsteinvik sentrum

Nyhende

Måndag kveld var to køyretøy, med ein person i kvar, involverte i ei trafikkulukke i Sjøgata i Ulsteinvik.

Ulstein brannvesen rykte ut til ulukka. Det eine køyretøyet står ute på fylkesvegen, medan det andre står i sjølve krysset.

Det er ikkje kjent om nokon av dei involverte personane er skadde etter ulukka.