Tussa tar sjansen på Trebaatfestivalen

Støtta frå Tussa sørgar for at Trebaatfestivalen for første gong kan arrangere ”Ta Sjansen” to år på rad.

Line Urke, Lise Antonsen Ulstein, Hugo Antonsen og Vidar Håndlykken ser fram mot "Ta Sjansen" under Trebaatfestivalen 2019. Tussa er med som arrangør og hovudsponsor og sørgar for at ein for første gong kan arrangere "Ta Sjansen" to år på rad.  

Her kan du sjå nokre videoglimt frå Ta Sjansen under Trebaatfestivalen 2018

Nyhende

I 2018 fekk Trebaatfestivalen med seg sin langvarige samarbeidspartnar Tussa til å arrangere ”Ta Sjansen” ved Geileneset i Ulsteinvik.

Line Urke og Hugo Antonsen i Trebaatfestivalen set stor pris på støtta frå Tussa, og ikkje minst det at dei ikkje berre støttar festivalen, men også eitt av dei verkeleg store arrangementa under festivaldagane.


 

Start planlegginga

No oppmodar dei, saman med Lise Antonsen Ulstein og Vidar Håndlykken frå Tussa, både bedrifter, organisasjonar og privatpersonar om å byrje å planlegge ”doningar” til konkurransen.

– Dette kan vere ei veldig fin profileringsmoglegheit og i tillegg kan ein vere med på å lage skikkeleg ”action” i Ulsteinvik sentrum, fortel Håndlykken.

Antonsen Ulstein legg til at deltaking under ”Ta Sjansen” kan gje bedriftene som lagar seg farkostar fin reklameeffekt framom eit stort publikum, for under arrangementet brukar det å vere fleire tusen tilskodarar som samlar seg rundt hamnebassenget.

Kva er grunnen til at Tussa er med og støttar dette arrangementet?

– Vi har vore sponsor for Trebaatfestivalen lenge og det er viktig for oss å vere ein lokal støttespelar, både for kultur og idrett. Ein festival som dette set Sunnmøre og Ulsteinvik på kartet, og det har blitt ein veldig stor og god festival. Vi var hovudsponsor for ”Ta Sjansen” i fjor og det blir vi i år også. Dette blir jo nesten som ein liten festival i festivalen. Det er eit unikt arrangement, fortel Antonsen Ulstein.

Gerhard Heimland hiv seg mot bjølla etter å ha testa ut at tyngdekraft i kombinasjon med lav friksjon er ein effektiv kominasjon. "Speedo" var raskaste farkosten under fjorårets arrangement.   Foto: Jorul f Myrene

 

Første gong to år på rad

Hugo Antonsen fortel at støtta frå Tussa er avgjerande for at ein kan gjennomføre ”Ta Sjansen” også i 2019.

– Vi har aldri tidlegare hatt det to år på rad, fordi det er så mykje arbeid, men no får vi det til. Då klarar vi også å halde oppe folkelivet, for dette er eit arrangement for heile familien. Under Trebaatfestivalen skal det syde av folk i sentrum, det skal vere mykje underhaldning og aktivitetar, og då er ”Ta Sjansen” svært viktig, slår Hugo Antonsen og Line Urke fast.

Det er framleis ei stund til det blir opna for påmelding, men frå 1. juni vil arrangørane ta imot påmeldingar, og då spørst det om nokon kan måle seg med ”Speedo” som i 2018 vann konkurransen med tida 4,5 sekund!

Trebaatfestivalen blir arrangert i Ulsteinvik frå 15. til 18. august.

Relaterte saker: