Prøvde å berge båt som tok inn vatn

Nyhende

Onsdag kveld var det fleire brannbilar som stod med blålys på i nærleiken av "Foreininga" i Ulsteinvik sentrum. Det var likevel ikkje brannutrykning denne gongen, og heller ikkje særleg dramatikk.

Vikebladet Vestposten får opplyst at brannvesenet var ute for å prøve å berge ein båt som tok inn vatn og som var i ferd med å gå under.

Dessverre kom dei for seint til staden til å hindre at båten gjekk under og store delar av den ligg no under vatn.