Peter Rise om salet av aksjemajoriteten i Rise Bygg AS:

– Godt å vite at dei tilsette er sikra i overskodeleg framtid

Måndag blei det klart at Stryn-baserte HS Entreprenør AS blir største eigar i Hareids-verksemda Rise Bygg AS. Med det er brorparten av familieverksemda på andre hender for første gong sidan oppstarten i 1977.

Bjørndalvegen Park: Bustadprosjektet i Bjørndalvegen i Ulsteinvik er eit viktig prosjekt for Rise Bygg AS. Den totale ordrereserven til Rise Bygg AS åleine er på 210 millionar kroner – noko som vil sikre stabilitet i åra framover. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Det er ei bratt kurve opp igjen, med mange nye moglegheiter, oppdrag og aktivitet. Spesielt det siste halve året har vore spanande

Peter Rise, dagleg leiar i Rise AS og medeigar
Nyhende

Rise Byggelag såg dagens lys i 1977. Verksemda heldt fram som eit reint byggjelag til litt ut på 1980-talet. Vikebladet Vestposten møtte tysdag Peter Rise (57), som sjølv kom inn i verksemda i 1987.