Minister Dale kjem

Arkivfoto frå eit tidlegare besøk Jon Georg Dale hadde til Ulsteinvik, frå han var landbruks- og matminister.  

Nyhende

I tillegg til å vere fungerande justisminister er Jon Georg Dale (Framstegspartiet) frå Dalsfjorden i Volda framleis samferdselsminister. Og det er som samferdselsminister han kjem til Ålesund og Ulsteinvik onsdag denne veka.

På føremiddagen skal han halde eit innlegg på Ferjekonferansen i Ålesund. Deretter skal han på orientering og synfaring ved Veibustkrysset.

Og på ettermiddagen skal han møte Hareid fastlandssamband AS på Ulstein Group.

Deretter drar han vidare for orientering og synfaring om Rovdefjordsambandet.